Flatraket skule


6717 Flatraket

Tlf: 57 85 82 18


Rektor:
Annelin Refvik

Selje kommune


Kommunehuset
6740 Selje

post@selje.kommune.no
Telefon: 57 85 85 00
Faks: 57 58 85 01

Kommunenr: 1441

Skulenytt i Selje


Bygder på nett





Abonner på nytt

Skriv epostadressa, og du får melding når denne sida vert oppdatert:
P5150177.JPG

Rydding til 17. mai

No er skulen ryddig og fin etter ein super innsats av elevar og lærarar.
Les meir »   16.05.2012

IMG_5159.JPG

Felles naturfagdag

Fredag hadde 1.-4. klasse felles naturfagdag. Då delte vi elevane i fire grupper, og dei fekk jobbe på ulike stasjonar i tre timar.
Les meir »   14.05.2012

DSCF4600.JPG

Utflukter på SFO

I løpet av våren har SFO vore på små og store utflukter. Blant anna har dei vore på tur til Elin på Kvalheim, og dei har hatt utedag på Gangeskarneset.
Les meir »   14.05.2012

IMG_5150.JPG

Kantinedrift på SFO

Onsdag var det endeleg SFO sin tur til å drive kantina. På menyen stod det grove vafler.
Les meir »   02.05.2012

Fellesdans på skuleplassen

Dei siste vekene har 6. klasse vore danselærarar for elevar og vaksne på skulen. Fredag 27. april var det dansens dag, og då dansa heile skulen ute på skuleplassen.
Les meir »   29.04.2012

Videoklipp frå karnevalet 2012


28.04.2012

RSS

Litt om skulen vår



 
Flatraket skule er ein 1-7 skule, og ligg mellom kommunesenteret Selje og Måløy.  Vi er i år 59 elevar og 11 tilsette på skulen.

Bygdene som krinsar til skulen vår er:
Rundereim, Barmen, Vetrhus, Venøy, Kvernevika, Nordpoll, Håvik og Flatraket.

Vi har ein stor geografisk skulekrins, og nokre elevar må bruke både buss og ferje for å kome seg på skulen.

Vi tykkjer sjølv at vi har det veldig bra på skulen vår her i havgapet i vest.

Full klaff for elevane på aktivitetsdagen i Nordfjordhallen!

Elevane hadde nok ulike forventningar til kva dei skulle få oppleve denne dagen. Ein tanke hadde dei likevel felles: Lærarne skulle ”mosast” på fotballbana! Håpet blei oppfylt.
 
For dei fleste elevane var  truleg høgdepunktet på dagen  at dei slo lærarane. Med 3 mål. Det gjekk ikkje heilt vegen for lærarane,  -dei hadde også planlagt å vinne! Frå dei vaksne sin ståstad var dette likevel eit nederlag til å leve med. Trass alt var det elevane sin gode aktivitet og trivsel som skulle takast i vare! Lengdehopp, 60-meter, klatrevegg. Hinderløype, hoppegrop og badminton.   Berre positivt  å seie om innsatsen på dei ulike stasjonane! Men altså først og fremst:   Fotball, og siger over lærarane. Når så elevane på lina for restaurant og matlaging ved  MVS på toppen av det heile varta opp med Måløy-hamburger og muffins, blei det vanskeleg å finne noko å klage over.  Takk til Monica Venøy Lexau og  ”staben” hennar som gjorde slik stas på Flatrakarane! Det kunne vere greitt med fleire skuledagar som liknar litt på den vi hadde fredag 10. februar. Men lærarane treng ikkje tape kvar gong….


Sjå album: "Aktivitetsdag i Nordfjordhallen"

Prosjekt i samband med
kulturminneåret 2009.

Søk på nettet


  

  

 

Lokale nyhende